Kolmila 6 (Bykle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kolmila 6 | |
---|---|
Utskilt: | 1988 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 497 |
Type: | Bustadseigedom |
Kolmila 6 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne verestadern vart bygd i 1991 av Gunhild Kåvenes og John Prowse. Då dei skilde lag i 2002, vart ho sitjande med huset.
- Gunhild Kåvenes, f 1960
- g hv m John Prowse, f 1954. Born:
- Olav Christopher, f 1983
- Amy Charlotte, f 1988
- Åse Marie, f 1992
Gunhild er lærar ved Hovden VGS. Ho er fødd i Vennesla som dotter åt Olav Larsson Kåvenes og kona Åse, f Berntsen. Foreldra har også budd på Rysstad (jfr. Valle II, 524). John Prowse er frå Torbay i England, og son åt Suzy og Walther Prowse. Liksom fleire av dei britiske innflytjarane her i bygda har han ei fortid som yrkesmilitær. Han arbeider som vaktmeister i Bykle kommune, og bur (januar 2005) i eit kommunalt husvære i Øvre Sarv i Kyrkjebygdi. Gunhild og John kom til Hovden i 1990.
Kolmila 6 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |