Kolmila 7 (Bykle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kolmila 7 | |
---|---|
Utskilt: | 1988 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 507 |
Type: | Bustadseigedom |
Kolmila 7 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Bykle kommune i 1989. I 1994 flutte den familien som bur her nå (2006) inn. I 1999 kaupte dei huset av kommunen.
Olav Trygveson Skinnarland, f 1963
- g 1989 m Else Gyro Rysstad, f 1960. Born:
- Jon Olav, f 1990
- Tor Erling, f 1992
- Hans Einar, f 1994
- Knut Hallvard, f 2005
Else Gyro er frå Hagen, Rysstad, og dotter åt Jon Olsson Rysstad og kona Marit, fødd Carlsen (jfr. Valle I, 401). I yrkeslivet er ho lærar ved Fjellgardane skule. Elles er ho ei viktig drivkraft i arbeidet med Hovdenrevyen. Olav er frå Møsvatn, Tinn, og son Trygve R. Skinnarland og kona, Ingrid, f Corneliussen. Han kom til Hovden som flygar i Fjellfly. I seinare år har han drive med løypekøyring for HovdenFerie.
Kolmila 7 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |