Marit Knutsdatter Strand
Marit Knutsdatter Strand (fødd 27. april 1992) er Senterparti-politikar, sidan 2017 stortingsrepresentant for Oppland. Strand er utdanna realfagslektor og bur på Raufoss i Vestre Toten.
Bakgrunn og utdanning
Ho er oppvaksen i Øystre Slidre i Valdres. I åra 2008-2011 gjekk ho på Valdres vidaregåande skule på Leira, og etterpå utdanna ho seg til realfagslektor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås. Strand gjekk ut frå universitetet i 2017.
Lokal- og ungdomspolitikar
Allereie i 2011, som nittenåring, vart ho varamedlem av kommunestyret i Øystre Slidre. Etter kommunevalet i 2015 kom ho inn som fast medlem i både kommunestyret og formannskapet.
Ho har òg vore leiar av Oppland Senterungdom (2012-2014) og sentralstyremedlem i Senterungdommen (2015-2016). Strand leia senterstudentane på Ås medan ho studerte der.
Stortinget
I 2017 vart ho vald inn på Stortinget for Senterpartiet, som då fekk to representantar frå Oppland: Strand og Ivar Odnes. Marit Knutsdatter Strand vart varamedlem av valkomiteen og medlem av Utdannings- og forskningskomiteen.
Ho vart attvald etter stortingsvalet 2021, og avanserte då til fyrste nestleiar for Utdannings- og forskningskomiteen.