Marit Knutsdatter Strand
Marit Knutsdatter Strand (fødd 27. april 1992) er Senterparti-politikar, frå 2017 til 2025 stortingsrepresentant for Oppland. Strand er utdanna realfagslektor og bur på Beito i Øystre Slidre. Ho har òg vore busett på Raufoss i Vestre Toten.
Bakgrunn og utdanning
Ho er oppvaksen i Øystre Slidre i Valdres. I åra 2008-2011 gjekk ho på Valdres vidaregåande skule på Leira, og etterpå utdanna ho seg til realfagslektor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås. Strand gjekk ut frå universitetet i 2017.
Lokal- og ungdomspolitikar
Allereie i 2011, som nittenåring, vart ho varamedlem av kommunestyret i Øystre Slidre. Etter kommunevalet i 2015 kom ho inn som fast medlem i både kommunestyret og formannskapet.
Ho har òg vore leiar av Oppland Senterungdom (2012-2014) og sentralstyremedlem i Senterungdommen (2015-2016). Strand leia senterstudentane på Ås medan ho studerte der.
Stortinget
I 2017 vart ho vald inn på Stortinget for Senterpartiet, som då fekk to representantar frå Oppland: Strand og Ivar Odnes. Marit Knutsdatter Strand vart varamedlem av valkomiteen og medlem av Utdannings- og forskningskomiteen.
Ho vart attvald etter stortingsvalet 2021, og avanserte då til fyrste nestleiar for Utdannings- og forskningskomiteen. Før valet i 2025 takka no nei til attval.
Kjelder og litteratur
- Asbjørn Stensrud og Kristin Hille Valla: «Vi har rett person til å vidareføre politikken for forsking og høgare utdanning», debattinnlegg i Nationen, 29. juli 2023.
- «Marit Knutsdatter Strand» på Proff.no.
- «Marit Knutsdatter Strand» på Stortinget.no.
- NRK Innlandet: «Marit (33) takkar nei til Stortinget: – Stadig større krav» (publisert 11. juni 2025).