Peder Morset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Olsen Morset (fødd 4. april 1887 i Selbu, Sør-Trøndelag, avretta 19. mai 1943 på Kristiansten festning i Trondheim) var lærar, klokkar og bonde. Morset og familien hans gjorde ein stor innsats i motstandsarbeidet under okkupasjonen 1940-1945.

Familie

Peder Morset var son av Ola Morseth og Ingeborg Bertine Furan. Han vart gift i 1913 med Marit Stugudal (1893–1948) frå Tydal. Ekteparet fekk sju søner, mellom anna Oddmund, Reidar, Tormod og Helge.

Utdanning og arbeid

Peder Morset vart uteksaminert frå lærarskulen i Levanger i 1908, og deretter tilsett som lærar i Tydal fram til 1912. I 1912 byrja han ved Mebond skule i Selbu, ei stilling han hadde livet ut.

Morset var klokkar ved Selbu kyrkje frå 1911 og fram til han døydde.

I 1930 kjøpte han garden Kleset (Klegset) og stod for drifta her, garden er enno eigd av slekta.

Aktiv i motstandsrørsla og arrestasjon

Morset var leiar i det lokale lærarlaget frå november 1940. Laget vart nedlagt i juni 1941, i protest mot dei norske styresmaktene. Etter dette vart det starta med illegalt motstandsarbeid, Morset var kontaktperson fram til hausten 1942.

Våren 1942 vart Peder Morset og 35 andre lærarar frå Trøndelag arresterte fordi dei viste aktiv motstand mot okkupasjonsmakta og planane til Vidkun Quisling om nazifisering av skulen. Lærarane vart sende til tvangsarbeid på Ørlandet og sidan til Falstad fangeleir. I slutten av april vart dei sette fri.

Familien Morset var også engasjert i arbeidet med å frakte flyktningar over til Sverige, sonen Tormod var mellom anna aktiv som grenselos. Gjennom verksemda til den norske Gestapo-mannen Henry Rinnan fekk tyskarane greie på dette. Natt til 1. mars 1943 gjennomførde Rinnan og tyske hjelparar rassia mot Klegset, der hovudmålet var å arrestere Tormod Morset. Familien flykta frå garden. 2. mars vart Peder Morset og sønene Oddmund og Helge innhenta av tyske soldatar på Heggen-setra ved innsjøen Østrungen. Oddmund Morset vart drepen i skotveksling med soldatane, Peder og Helge vart arresterte.

Fangenskap og avretting i Trondheim

Peder vart deretter heldt fanga på ei hytte i nærleiken. Her vart han grovt torturert. Sidan vart han frakta til Misjonshotellet i Trondheim, som var Gestapo sitt hovudkvarter i byen. Også her vart han torturert i fleire døgn, før han til slutt vart plassert på Vollan kretsfengsel.

4. mai 1943 vart Peder Morset dømd til døden, saman med Henry Thingstad og ni andre medlemmer i Thingstadgruppa. Dei elleve vart avretta på Kristiansten festning 19. mai. Rett etter frigjeringa vart dei døde funne i ei massegrav. Peder Morset vart gravlagd i Selbu 29. mai 1945, saman med aska etter Oddmund.

Ettermæle

Historia til Morset-familien vart landskjend gjennom boka Og tok de enn vårt liv av journalist Per Hansson, utgjeve i 1963. I 1976 vart Peder Morset folkehøgskole starta i Selbu.

Kjelder og eksternt stoff