Trond Øigarden
Trond Øigarden (fødd 1962 i Risør) er biolog og forfattar.
Trond Øigarden er fødd i Risør i Agder fylke, busatt i Aurdal i Valdres. Han er utdanna biolog.
Etter vidaregåande skule i Risør, starta han studiet Miljøteknologi og forvaltning på Høgskolen i Hedmark. Seinare tok han biologi ved Universitetet i Oslo. Studiet førte han vidare til jobb som dagleg leiar for DNA-laboratoriet ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Så til Valdres, der han jobbar som seniorrådgivar ved Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter AS.
Øigarden har fugl som si store interesse, og han er leiar for Ørrin, det ornitologiske lokallaget i Valdres. Han blir mykje nytta som foredragshaldar, samt at han er ein dreven fotograf og fotograferer sjølv bildar til bøkene sine.
Han er gift med Anne Hilde Øigarden.
Bibliografi
- Fossekallen : Norges nasjonalfugl. Utg. Novus. Oslo. 2014. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Naturguide for pilegrimer : blomster, fugler og dyr i kristen tradisjon. Utg. Novus. Oslo. 2015. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Linn Therese og fossekallen. Utg. Novus. Oslo. 2017. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Valdres 2014.08.09. 20140809. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Valdres 2017.11.23. 20171123. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Trond Øigardens profil på Facebook