Trond Øigarden

Trond Øigarden (fødd 1962 i Risør) er biolog og forfattar.

Trond Øigarden er fødd i Risør i Agder fylke, busatt i Aurdal i Valdres. Han er utdanna biolog.

Etter vidaregåande skule i Risør, starta han studiet Miljøteknologi og forvaltning på Høgskolen i Hedmark. Seinare tok han biologi ved Universitetet i Oslo. Studiet førte han vidare til jobb som dagleg leiar for DNA-laboratoriet ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Så til Valdres, der han jobbar som seniorrådgivar ved Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter AS.

Øigarden har fugl som si store interesse, og han er leiar for Ørrin, det ornitologiske lokallaget i Valdres. Han blir mykje nytta som foredragshaldar, samt at han er ein dreven fotograf og fotograferer sjølv bildar til bøkene sine.

Han er gift med Anne Hilde Øigarden.

Bibliografi

Kjelder

Sjå også