Ryggvegen (Bø i Telemark)
Ryggvegen i Bø i Midt-Telemark kommune er ein kort blindveg som går austover frå Oterholtvegen på Langkåshaugen.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Ryggvegen-1.jpg&width=400)
Ryggvegen på Langkåshaugen sett østover frå Oterholtvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).
Vegen er 120 m lang og har namn etter landskapsforma – han går på ein rygg i terrenget. Det ligg fem einebustader til Ryggvegen. Tomtene blei utskilt frå garden Kamperhaug, gnr. 53/9 mellom 1947 og 1950.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bø Blad 24. desember 2020.
- Arkivverket, grunnbok.