Ryggvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ryggvegen på Langkåshaugen sett austover frå Oterholtvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Ryggvegen i i Midt-Telemark kommune er ein kort blindveg som går austover frå Oterholtvegen på Langkåshaugen og er 120 meter lang.

Vegen har namn etter landskapsforma – han går på ein rygg i terrenget. Det ligg fem einebustader til Ryggvegen. Tomtene blei Utskild frå garden Kamperhaug, bnr. 9, mellom 1947 og 1950.

Eigedomar

Nr. Om eigedomen
1
Foto: Roy Olsen (2025)
Gnr. 53/57, «Haugtun»

Utskild frå Kamperhaug, bnr. 9, i 1947 til Anne G. Kamperhaug. Eigar frå 1978, Roar Fåne som sette opp hus kring 1979.

2
Foto: Roy Olsen (2024)
Gnr. 53/63, «Libø»

Horisontaldelt tomannsbustad.
Utskild frå Kamperhaug, bnr. 9, i 1950 til Sveinung Aslakson Moen.

3
Foto: Roy Olsen (2025)
Gnr. 53/59, «Hauger»

Utskild frå Kamperhaug, bnr. 9, i 1949 til Erik E. Langkås.

4 A–E
Foto: Roy Olsen (2025)
Same eigedom som nr. 2

Bustadhus med fem bueiningar sett opp kring 2021.

6 Gnr. 53/179, «Gardsteig»

Utskild frå Libø, gnr. 53/63 i 1988 til Bente Lauvmo. Tomta hadde tidlegare nr. 4 og er pr. 2020 ubebygd.

7
Foto: Roy Olsen (2025)
Gnr. 53/58, «Nordli»

Utskild frå Kamperhaug, bnr. 9, i 1949 til Tollef H. Oredalen.

8
Foto: Roy Olsen (2025)
Gnr. 53/62, «Voll»

Utskild frå Kamperhaug, bnr. 9, i 1950 til Eilef E. Langkås.

Sjå også

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Bø Blad 24. desember 2020.
  • Arkivverket, grunnbok.


Koordinater: 59.42058° N 9.05571° Ø