Valenvegen (Bø i Telemark)
Valenvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går nord- og auststover frå Gvarvvegen til Hørtebrua der han møter Hørtevegen. Der gjekk tidlegare kommunegrensa mellom Bø og Sauherad. Like etter Grivimoen industriområde kryssar vegen Bøelva på Gårabru som blei bygd i 1970. Vegen er om lag 4,3 kilometer lang og er ein del av fylkesveg 3336 (tidlegare fv 551). Han går for det meste gjennom jordbrukslandskap.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Valenvegen-1.jpg&width=400)
Vegen har namn etter Valengardane og blei namnsett i 1991.
Tidlegare starta Valenvegen i «Berglienkrysset» i Folkestadvegen. Tidlig på 1970-talet begynte ein med planar om ein omlegging av Valenvegen, med påkjøyring frå riksveg 36, Gvarvvegen, og å stenge for gjennomkjøyring forbi Bø skule og Bø sjukeheim. Debatten om denne nye parsellen heldt på i fleire år, men fyrst på tampen av 1980-talet blei arbeidet starta opp. Vegen opna i mai 1990.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.