Tøger Jensson

Tøger Jensson (òg kalla Tøger/Thøgger Jensen/Jenssøn) (fødd kring 1614[1] og død kring 1710) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå 1652 til 1703. Han vart cand.theol. 11. juni 1642 og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius", som truleg er ei latinisering av Breum, som var namnet på prestegarden i Jostedalen fram til 1800-talet.[2] Dette saman med etternamnet Jensson/Jensen og fødselsåret gjer det sannsynleg at han var son til Jens Jonasson, som er nemnd som var prest i Jostedalen 1604.

Strev for føda

Tøger Jensson vart utnemnt til sokneprest i Jostedalen i 1652.[3] På same tid skal han ha gift seg med Anna (Ales) Christensdotter, enkja etter den føregåande presten Otto Hansson Ravn. Som forgjengarane måtte han slite for føda i det vesle prestekallet med kring 25 gardar der avlingane ofte slo feil. Dei skriftlege kjeldene frå prestetida til Jensson stammar hovudsakleg frå privilegium som øvrigheita gav til presten i Jostedalen i form av korntilskot frå tienda til andre kyrkjer i Sogn. I 1653 stadfeste lensherren Ove Bjelke at Tøger skulle ha det same korntilskotet som forgjengarane, altså 4 ½ tønne korn årleg.[4] Dette vart likevel for knapt, så i 1655 sette bondelensmannen og fem lagrettemenn på vegne av allmugen i Jostedalen opp eit bøneskriv der dei bad om at korntilskotet vart auka, elles så var dei redde for at presten ville reise sin veg. Lensherre Ove Bjelke auka året etter korntilskotet med 10 tønner.[5]

Frå 1664 finst det eit nytt bøneskriv, denne gongen frå presten Tøger sjølv, stila til den nye kyrkjekommisæren for Noreg, Titus Bülche.[6] Tøger klaga her over at avlingane hadde slege feil og at han hadde store problem med å få dei andre kyrkjene i Sogn til å utlevere korntilskotet han hadde rett på. Bülche gav raskt ordre om at kornet skulle utleverast – tilskotet utgjorde no 20 tønner. Men alt i 1667 måtte Tøger klage på nytt.[7] Han framstilte stoda som endå verre enn i 1664, og no var det stiftsbefalingsmann Georg Reichwein i Bergen som bad kyrkjeverjene i Sogn om straks å gje Tøger kornet han hadde krav på.

Ny kyrkje

I åra 1653-1669 var Tøger Jensson kyrkjeombodsmann i Jostedalen. Det var truleg han som tok initiativet til ei synfaring i januar 1656 som slo fast at Jostedal kyrkje var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast.[8] Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober 1660 var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert.[9] Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som vart taksert til 216 riksdalar.

Ein munnleg tradisjon har vilja hatt det til at Hans Ottoson Ravn stod for kyrkjebygginga. Ravn var son av den tidlegare presten Otto Ravn og såleis steson til Tøger. I kjeldene er det ingen tvil om at Tøger hadde det økonomiske og praktiske ansvaret, men Hans Ravn kan ha vore ein viktig hjelpa for stefaren Tøger både under bygginga og seinare. Det me sikkert veit er at Hans Ravn var kyrkjeombodsmann 1674-83. Kanskje kan òg Ravn ha hatt ein klokkarfunksjon gjennom desse åra. Men Ravn kan ikkje ha hatt teologisk utdanning og var dermed uaktuell som Tøger sin etterfølgjar i prestekallet.

Alderdom

Hans Ottoson Ravn slutta som kyrkjeombodsmann 1683 og gifte seg og vart sjølveigar og gardbrukar på Myklemyr kring 1682-84. Det har truleg ein samanheng med dette at Tøger Jensson kring 1686 engasjerte Henrik Nitter som kapellan og overlet ein del av embetsoppgåvene til han. Nitter gifte seg med Sophe Ottesdotter Ravn, stedotter av Tøger og syster til Hans O. Ravn.

Frå 1693 tok Nitter seg av alle oppgåver inkludert pleie av presten ettersom Tøger Jensson var svak og sengeliggjande. I 1702 sa så den barnlause presten frå seg prestekallet.[10]

Notar

  1. 3.2.1703 heiter det at han er "henveed 90 aar gammel" (digital utgåve)
  2. Lampe 1896
  3. 29.5.1655 heiter det at han er prest "nu paa det fierde aars thids" (digital utgåve)
  4. Brev frå Jens Bjelke 28.10.1636 med påskrift av Ove Bjelke 3.5.1653 (digital utgåve)
  5. Supplikk 29.5.1655 med påskrift av Ove Bjelke 23.1.1656 (digital utgåve)
  6. Brev frå Tøger Jensson 9.8.1664 med påskrift av Titus Bülche 13.8.1664 (digital utgåve)
  7. Brev frå Tøger Jensson 20.2.1667 med påskrift av Georg Reichwein 6.6.1667 (digital utgåve)
  8. Synfaringsdokument 6.1.1656 (digital utgåve)
  9. Synfaringsdokument 2.10.1660 (digital utgåve)
  10. Henrik Nitters prestesøknad 3.2.1703 (digital utgåve)

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
  • Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)


Forgjengar:
 Otto Hansson Ravn 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Henrik Nitter