Flora kommune
Flora kommune ligg i Sogn og Fjordane, og grensar til Bremanger i nord, Gloppen og Naustdal i aust og Askvoll i sør. Kommunen var oppretta i 1964, då ladestaden Florø vart samanslegen med Kinn og Eikefjord kommunar, størstedelen av Bru kommune og mindre delar av Bremanger og Vevring kommunar.
Flora kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1401 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Florø |
Areal | 44.71 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 44.71 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Grunnlagt | 1964 |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Flora er ein industrikommune, med mykje av verksemda lagt til Florø. Aker Solutions, Skaarfish, Cermaq og oljerelatert industri knytta til Fjord Base er bland dei største aktørane. I ytre strøk finn ein jordbruk og fiske drive i kombinasjon. Det er stor eksport av laks, sild og makrell, foredling av laks og produksjon av fiskefôr i kommunen.
Kjelder
- Flora kommune i Sogn og Fjordane i Store norske leksikon
- {Flora kommune på Wikipedia på nynorsk