Kokse (båt)

Ei kokse (Mal:Ndm. «ko’ks») eller prame (Mal:Ndm. «pra’m») er ein liten, flatbotna robåt hovudsakleg bruka til heimefiske, småærend og lett transport. Typiske særtrekk inkluderer spiss framstamn, akterspegel, flat botn med tverrbord og langsgåande kjøl, og eitt par tollepinnar. Botnen kan elles vera forsterka med eit langsgåande bord på kvar side av kjølen. Koksa har normalt to band med tofter, og i tillegg kan dei ha ein sess ved akterspegelen.

Kokse i støa ved Nordheim på Stabblandet.
Foto: Olve Utne
To guksieh — dei tradisjonelle samiske drikkekoppar som koksa er oppkalla etter.
Foto: Olve Utne

Geografisk sett er koksa vanleg på Nordmøre og i Fosen (kysten av Sør-Trøndelag fylke). Namnet kokse kjem frå sørsamisk guksie (uttala goksie i namdalssamisk), som elles tyder ei lita drikkeause av tre og med eitt skaft.

Galleri