Kokse (båt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kokse i støa ved Nordheim på Stabblandet.
Foto: Olve Utne

Ei kokse (nordmørsk) «ko’ks») eller prame (nordmørsk) «pra’m») er ein liten, flatbotna robåt hovudsakleg bruka til heimefiske, småærend og lett transport. Typiske særtrekk inkluderer spiss framstamn, akterspegel, flat botn med tverrbord og langsgåande kjøl, og eitt par tollepinnar. Botnen kan elles vera forsterka med eit langsgåande bord på kvar side av kjølen. Koksa har normalt to band med tofter, og i tillegg kan dei ha ein sess ved akterspegelen. I rorsrommet er det gjerne ei opa tilje med tversgåande ribber som er gode å ta spenntak mot når ein ror. Framskotten og akterskotten blir gjerne bruka til last. Lengda på koksa er normalt kring 10–12 fot.

thumb
Foto: 250px (To guksieh — dei tradisjonelle samiske drikkekoppar som koksa er oppkalla etter.).

Geografisk sett er koksa vanleg på Nordmøre og i Fosen (kysten av Trøndelag fylke sør for Flatanger). Namnet kokse kjem frå sørsamisk guksie (uttala goksie i namdalssamisk), som elles tyder ei lita drikkeause av tre og med eitt skaft.

Galleri