Förvaltningsområdet för samiska språket
Förvaltningsområdet för samiska språket er ei gruppe av svenske kommunar der samiske språkbrukarar har rett til å bruke språket sitt i visse samanhengar. Dette inkluderer førskule, eldreomsorg og kontakt med kommune og stat. Forvaltningsområdet inkluderer alle svenske kommunar som grensar til Noreg mellom Trysil i Hedmark og Storfjord i Troms. I tillegg er innlandskommunane Östersund, Dorotea, Lycksele, Malå og Arvidsjaur så vel som kystkommunen Umeå inkludert.