Gustav Indrebø
Gustav Ludvig Indrebø (født 17. november 1889, død 3. august 1942) var ein filolog, historikar og lærar, som var fødd i Samnanger i Hordaland. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (det opprinnelege nynorske skriftmålet som Ivar Aasen utarbeidde). Gustav Indrebø var bror til biskop Ragnvald Indrebø (1891-1984).
Barneår i Indre Sunnfjord
Gustav Indrebø fekk dei fleste av barneåra sine i Indre Sunnfjord, der foreldra hans var frå. Faren Ludvig J. Indrebø fekk arbeid som lærar i Jølster og Gaular i 1892, og familien var difor busette i dette området fram til 1901. Gustav Indrebø rekna Jølster som si eigentlege heimbygd, og hadde ei eiga hytte i Årdal.
Studium og arbeid
Indrebø tok lærareksamen i 1910, og praktiserte som lærar fram til 1913. Då starta han på filologistudiet ved Det Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania (fra 1939 Universitetet i Oslo). I 1917 vart han cand.philol. med historie som hovudfag. Han hadde elles tysk og norsk som sidefag.
1917 var Indrebø tilsett som amanuensis ved Riksarkivet, ei stilling han hadde fram til 1921 (1919-1920 hadde han eit studieopphald på ni månader i København og Berlin). I 1921 vart det oppretta eit nytt dosentur i norrøn filologi ved Universitetet i Kristiania, som Indrebø vart tilsett i. Same år byrja han også som styrar for Norsk Stadnamnarkiv. I 1930 vart Gustav Indrebø professor i vestnorsk målføregransking ved Bergens museum, denne stillinga hadde han til han døydde.
Norsk Målsoga
Hovudverket til Indrebø må vel seiast å vera Norsk Målsoga. Det var arbeidet med denne boka som opptok Indrebø den siste tida han levde. Han fekk ikkje fullført verket, så boka vart utgjeve posthumt i 1951. I boka skildrar Indrebø utviklinga i norsk språk frå gammalnorsk til og med Ivar Aasen. I 2001 kom det ei 2. utgåve av boka. Her er det teke med eit nytt kapittel: "Målbrigdingar (1525 til notidi)". Dette er basert på ein kladd som vart funnen av dottera til Indrebø, Inger Indrebø Eidissen, i 1990.
Bibelutgåver og Nynorsk salmebok
I åra 1917-1921 var Gustav Indrebø filologisk redaktør for ei nynorsk bibelutgåve ("Studentmållagsbibelen"). Seinare var han også språkleg konsulent for broren Ragnvald under arbeidet med den nynorske bibelutgåva av 1938 ("Indrebø-Bibelen").
Gustav Indrebø var også oppteken av å få utgjeve ei nynorsk salmebok, det skjedde i 1925.
Verv i målrørsla
Gustav Indrebø hadde fleire verv innanfor målrørsla: Leiar for Studentmållaget i Oslo (1917), formann i Det norske Samlaget (1923-1929), styremedlem i Noregs Mållag (1928-1942), formann i Noregs Mållag (1929-1931), styremedlem i Vestmannalaget (1931), formann i Vestmannalaget (1937-1942), redaktør for Norsk Årbok (1931-1939).
Sjå også
Kjelder
- Kjell Venås: Gustav Indrebø (NBL-artikkel)
- Randi Melvær (2007): Nynorsk - Gustav Indrebø og målstriden
- Rolf Theil Endresen (2002): Med norsk mål ned i helheimen og upp att
- NRK Sogn og Fjordane (2009): Gustav Indrebø
- Jarle Bondevik og Oddvar Nes (red.) (1976): Kva er målreising?: Ei artikkelsamling. (Elektronisk utgåve)