Olav Langeland
Olav Langeland (fødd i Hægeland, nåverande Vennesla kommune 14. desember 1866, død i Øvre Eiker 1936) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmann. Lengste tida av yrkeslivet sitt var han styrar for Buskerud folkehøgskule på Fiskum (Darbu) i Øvre Eiker.
Foreldra var småbrukar og arbeidar Ånon Langeland og Eli Kristensdotter Flanestad. Dei dreiv eit bruk av garden Langeland i Hægeland. Olav kom til i farens andre ekteskap. Olav hadde fire halvsysken og fire heilsysken, men fleire av dei døydde som småborn