Olav Langeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Langeland.
Foto: Henta frå Norske skolefolk (1934)

Olav Langeland (fødd i Hægeland, noverande Vennesla kommune 14. desember 1866, død i Øvre Eiker 1936) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmann. Lengste tida av yrkeslivet sitt var han styrar for Buskerud folkehøgskuleFiskum (Darbu) i Øvre Eiker.

Foreldra var småbrukar og arbeidar Ånon Langeland og Eli Kristensdotter Flanestad. Dei dreiv eit bruk av garden Langeland i Hægeland. Olav kom til i farens andre ekteskap. Olav hadde fire halvsysken og fire heilsysken, men fleire av dei døydde som småborn

Olav Langeland gifta seg med Olga Halvorsdotter Ramsås frå Kil ved Kragerø. Foreldra hennar var Halvor og Helene Ramsås. Faren var skipsførar i utanriksfart.

Olav Langeland tok lærarskuleeksamen i Kristiansand i 1887. Han var deretter lærar i Vennesland og Fjære i 11 år. Så hadde han eit års vikariat ved lærarskulen på Notodden. Han var middelskulelærar i Larvik i to år, og amtsskulelærar i Nordre Vestfold i åtte. Frå 1909 var han styrar ved det som seinare fekk namnet Buskerud folkehøgskule.

Langeland var den fyrste styraren ved den nye folkehøgskulen som vart sett i gang på garden Nedre Råen i Øvre Eiker, og han hadde stillinga til 1934, to år før han døydde. I 1913 vart det bygt ein ny skulebygning på ei tomt som var kjøpt frå garden Rud. Den nye skulen fekk namnet Heimtun. Det var Langeland personleg som kjøpte tomta og finansierte husbygginga.

Han var ein ivrig personleg kristen, sterkt påverka av grundtvigianismen. Han var likeins norskdomsmann og ivra for landsmålet. Han var med og skipa frilynte ungdomslag fleire av stadene der han budde: Vennesla ungdomslag, Aust-Agder fylkesungdomslag og Vestfoldlaget. Hans liberale religiøse haldning, eit ivrig politisk engasjement for Venstre og hans iver for landsmålet, gjorde han til ein noko omdiskutert person blant bygdefolket. Han var også ivrig fråhaldsmann, organisert i Det Norske Totalavholdsselskap (DNT). Han var medlem i fylkesstyret for DNT i Kristiansand og i Aust-Agder. Han var ein mykje brukt folketalar både innan fråhalds- og ungdomslagsrørsla. Foredragsturneane gjekk også til Danmark og Sverige. Han gav ut to samlingar med foredrag, Vegen og maalet (1914) og Rikare liv (1926).

Kjelder og litteratur

  • Norsk allkunnebok (1956).
  • Norske skolefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skeie, Jon: Fra splittet storbygd til kommunalt fellesskap. Øvre Eikers historie. Del 1: 1885-1935. Øvre Eiker kommune 2016.
  • Åsen, Jon: Hægelands-boka. I. Gard og ætt. 1951.


Eiker Leksikons logo.jpeg Olav Langeland inngår i prosjektet Eiker Leksikon og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. Ønsker du å bidra til delprosjektet? Kontakt Bent Ek på hans diskusjonsside!