Øvre Borgvin (veg i Bø i Telemark)
Øvre Borgvin i Bø i Midt-Telemark kommune er ein blindveg som går nordover frå Venåsvegen i feltet Borgja Terrasse i Breisås bustadområde. Han har fleire korte sidegreiner og endar ved nr. 34.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_%C3%98vre_Borgvin-1.jpg&width=400)
Øvre Borgvin sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Vegen har namn etter garden Borgja og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av frittliggjande bustadhus, for det meste einebustader.
Om namnevalet for Øvre- og Nedre Borgvin uttalte Vegnamnsnemda: «Nemda har ved dette namneframlegget festa seg ved at det er alt som talar for at nemnet Borgvin var nemnet på Borgja i eldre tid. Namnet Borgja kjem av Borg og vin. Dessutan har namnet i seg sjølv ein særmerkt og fin klang».
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Kommunestyresak nr. 10, 1982.