Boris Gleb
Boris Gleb (nynorsk/bokmål; russisk Борисоглебский) eller Skoltfossen (finsk Kolttaköngäs) er ein tradisjonell skoltesamisk sommarbustad og ortodoks kyrkjestad på vestbredda av Pasvikelva som elles utgjer riksgrensa.
Området, som opprinnelig er skoltesamisk, vart lagt under Russland i 1533, dette vart stadfesta gjennom Grensekonvensjonen av 1826 og i 1920 kom det under Finland som konsekvens av Tartutraktaten. I 1944 vart det 3,6 km² store området lagt under Sovjetunionen/Russland, der det hører til Petsjengskij rajon (Пе́ченгский райо́н) av Murmanskaja oblast.