Christopher Bruuns veg
Christopher Bruuns veg på Lillehammer er ei boliggate som går mellom Gudbrandsdalsvegen og Gamlevegen. Gata er oppkalt etter folkehøgskulepioneren Christopher Bruun (1839-1920), som grunnla Vonheim i Gausdal. Bruun budde som ungdom, frå 1850 til 1856, på Lillehammer og gjekk latinskulen der.
Frå 1972 til 2010 hadde Dølaringen lokale i Christopher Bruuns veg.
Kjelder og litteratur
- Fåberg historielag: Gate og gutu : Historien bak gatenavnene i Lillehammer, Lillehammer 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket
Koordinater: 61.1264342° N 10.4584646° Ø
|