Eikelundvegen (Bø i Telemark)
Eikelundvegen i Bø i Midt-Telemark kommune er ein kort blindveg som går nordover frå Frivollvegen til det lille bustadområdet Eikelund. Han er omlag 250 meter lang.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Eikelundvegen-1.jpg&width=400)
Eikelundvegen sett oppover frå Frivollvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).
Vegen blei opparbeidd i samband med byggjinga av bustadhusa på jordet til Eikelund gard kring 2007. Det er denne garden som er opphavet til vegnamnet som blei vedteke i 2007.
Eikelund bustadområde består av fire firemannsbustader og eit rekkjehus med tre bueiningar.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart