Fedje sokn
Fedje sokn er eit av Den norske kyrkja sine sokn, og svarar til Fedje kommune i Vestland fylke, tidlegare i Hordaland. Soknet var fram til avviklinga av prestegjelda ein del av Lindås prestegjeld, og tilhøyrde Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedøme.
Den fyrste kyrkja på Fedje vart reist i 1659, medan øya framleis var ein del av Lindås sokn. Ho vart reven i 1888, og ei ny kyrkje vart reist på same staden. Ho vart raskt for liten, og i 1941 sto nye Fedje kyrkje klar.
Litteratur og kjelder
- Prestegjeld og sogn i Hordaland, Digitalarkivet.
- Fedje sokn, Den norske kyrkja.
- Årbok for Den norske kirke. Utg. Kirkens informasjonstjeneste. Oslo. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket.