Fossheimvegen (Bø i Telemark)

FossheimvegenLangkåshaugen i i Midt-Telemark kommune går vestover frå Oterholtvegen ved eigedomen Krosshaugen til garden Fossheim (gnr. 41/22) og er 743 meter lang. Ei forgreining sørvestover ender ved dei to einebustadene, nr. 26 og 30 og er 486 meter lang. Herifrå går ein traktorveg vestover over jordene til Berglandvegen.

Fossheimvegen sett vestover frå Krossvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).
Fossheimvegen sett austover frå enden.
Foto: Roy Olsen (2024).

Vegen blei namnsett i 1994, har namn etter Fossheimgrenda og går i jordbrukslandskap. Vegen het tidlegare Krossvegen.

KROSSVEGEN - ENDRING AV VEGNAMN TIL FOSSHEIMVEGEN

Vegen til Fossheimgrenda har til nå hatt namnet «Krossvegen». Grunnen til at vegen har fått dette namnet er at Krossvegen er eit kjennemerke på Langkåshaugen og det er her vegen til Fossheimgrenda tek av frå Fylkesvegen. Skiltet for vegen har på ei eller anna vis kome bort, slik at vegen ikkje har noko visning i dag.

Oppsitjarane i Fossheimgrenda har nå levert inn eit skriv til etaten der dei ber om at vegnamnet blir endra til FOSSHEIMVEGEN. Samtlege oppsitjarar har skrive under dette oppropet, og meiner at Fossheimvegen er meir dekkande og gjev ei betre opplysning for ukjente, i motstning til Krossvegen som vegnamn.

Det er Teknisk Utval som tek avgjerd i slike spørsmål i medhald av delegert myndighet som kommunen si vegstyresmakt.

– Frå eit møtereferat i Teknisk Utval 21. september 1994

Namneendringa blei samrøystes vedteke.


Eiendommer

Nr. Bilde Om eiendommen
2
 
Foto: Roy Olsen (2017).
Gnr. 41/23, «Krossvegen»

Bustadhus. Hører til garden Krossvegen.

4
 
Foto: Roy Olsen (2017).
Gnr. 41/23, «Krossvegen»
21
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 41/41, «Fosslund»

Einebustad.

22
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 41/51, «Bjørklund»

Einebustad.

23
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 41/100

Einebustad.

24
 
Foto: Roy Olsen (2017).
Gnr. 41/18, «Fossland»
26
 
Foto: Roy Olsen (20).
Gnr. 41/56, «Haugfoss»

Einebustad.

30
 
Foto: Roy Olsen (20).
Gnr. 41/74, «Åstebu»

Einebustad.

48, 50
 
Foto: Roy Olsen (20).
Gnr. 41/19, «Fossheim»
54
 
Foto: Roy Olsen (20).
Gnr. 41/29, «Fossheim»

Einebustad

62, 64
 
Foto: Roy Olsen (20).
Gnr. 41/22, «Fossheim»
65
 
Foto: Roy Olsen (20).
Gnr. 41/5, «Fossheim»


Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bø kommune, Teknisk utval: Sak nr. 161/94, 21. september 1994.
  • Arkivverket: Grunnbokblader


Koordinater: 59.42404° N 9.05217° Ø