Berglandvegen (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Berglandvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå Seljordvegen ved Nordbøvegen til garden Fossheim og er 611 meter lang.
Vegen har namn etter garden Bergland (gnr. 41/10) og blei namnsett i 1995. Bakgrunnen var eit brev frå oppsitjarane til grendevegen om eige vegnamn:
- Oppsitjarane i området har hatt adresse Seljordvegen. Dette har ikkje hatt nokon indentitet korkje som vegnamn eller adresse. Difor ynskjer dei at det nå blir fastsett eit eige namn på vegen. Forslag: BERGLANDVEGEN – frå riksveg 36 fram til Fossheim (Halvor Haugland). (Teknisk utval, etatssjefen).
Etatssjefens tilråding blei samrøystes vedteke.
Kjelder
- Statkart, norgeskart.no
- Bø kommune, namnesak 26. oktober 1995. Dok.namn: (TEK) T–U 261095 161-95 Arkiv L32