Nordbøvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordbøvegen sett austover frå Løvskeidkåsa. Solberg til venstre.
Foto: Roy Olsen (2017).

Nordbøvegenen i i Midt-Telemark kommune går sør- og vestover frå Seljordvegen til gardane Berge, gnr. 40/3 og 40/6. Han er 1 940 meter lang.

Vegen har namn etter Nordbøgardane og blei namnsett fram til Løvskeid i 1988 og vidare inn i bustadfeltet ved vasstårnet i 1996. Ifølgje kommunens kart heiter det no Nordbøvegen heilt fram til Bergegardane.

Fram til 1978 var dette ein smal gardsveg, men fordi det var blitt anlagd ljosløype på Nordbøåsen med parkeringsplass attmed vegen, og dessutan eit kommunalt vassbasseng, blei vegen gjort kommunal og gradvis utvida gjennom åra. I samband med bustadutbygging på Nordbøåsen blei det gjort ei stor omleggjing og oppgradering av vegen med fast dekke og gang- og sykkelveg fram til Nordbøbergja i 2016–17.

Eigedomar

  • Nr. 8, 10: Nedre Nordbø (gnr. 54/14)
  • Nr. 35, 37: Nistugu Nordbø (gnr. 54/4)
  • Nr. 63, 65, 67: Oppistugu Nordbø (gnr. 54/3)
  • Nr. 130, 132: Løvskeidkåsa (gnr. 54/24)
  • Nr. 139: Løvskeid (gnr. 54/18)
  • Nr. 190: Berge (gnr. 40/3)
  • Nr. 191: Berge (gnr. 40/6)

Kjelder


Koordinater: 59.41593° N 9.03888° Ø