Furumo (Bykle gnr 2/51)
Furumo er ein bustads- og næringseigedom i Hovden i Bykle kommune. Huset vart oppsett av Kjetil Sveinsson Hovden (sjå bnr 1) til posthus og kafe i 1946. Dottera Åshild overtok det i 1962.
- Åshild Kjetilsdtr. Hovden, f 1913, d 2000
Furumo | |
---|---|
Furumo i 1954. Skiltet over døra er vrangt å lesa på biletet, men iallfall står det: «Kafe - Husrom - Mjølkeringar». Det siste ordet på skiltet har me ikkje greidd å tyde, og mannen i døropninga er ikkje identifisert. Bilete frå Setesdalsmuseet. | |
Utskilt: | 1962 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 51 |
Type: | Bustads- og næringseigedom |
- g 1940 m Såve T. Lidtveit, f 1902, d 1958. Born:
- Bente Irene, f 1965
- Stein Erik, f 1968
- Kjetil, f 1946, g m Birgit B. Breive, sjå Fredtun, bnr 315.
Såve Lidtveit var frå Åraksbø, og son åt Torbjørn Lidtveit. I 1954 flutte han og familien til Åmli, der han var prestegardsforpaktar. Etter at han døydde, flutte Åshild og borna oppatt til Hovden. Ho dreiv kafeen her, og dei budde også i det same huset.
Sonen Kjetil overtok huset frå Åshild. Han leiger det ut, og i perioden 1986-1996 var her sportsforretning. Sidan 1996 har her atter vore kafedrift.
Furumo (Bykle gnr 2/51) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |