Dalheim (Bykle gnr 2/78)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalheim
Utskilt: 1963
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 78
Type: Bustadseigedom

Dalheim er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Huset ligg attanfor eldrebustadene, i terrenget innom og ovom Fjellgardstun, midt imot Hovden kapell.

Det var Olav Holen og kona hans som bygde her i 1962. Tomta vart då festa frå bnr 2, og matrikulert året etter.

Olav Torleivsson Holen, f 1920, d 2001

g 1960 m Elna Henningsen, f 1921. Born:
  • Kjell, f 1949, g m Anne Lise Johansen, f 1949, born:
  • Kjell Arne f 1974, busett Nodeland, g m Cynthia, 2 born
  • Inger Lise, f 1977, busett Søgne, g m Jens Victor Åteigen, 2 born

Olav var frå Haugo Holen og son åt Torleiv Mikkelsson Holen og kona Tore Olavsdotter, fødd Trydal. Han var sjømann då han trefte Elna, dei gifte seg i Finnmark og flutte til Hovden i 1960. Noko seinare fekk han seg seg arbeid som vaktmeister på Fjellgardane skule, og sto i den stillinga til han gjekk av med pensjon. Elna vart fødd i Kjøllefjord i Finnmark, som dotter åt Gudrun og Elias Henningsen. Ho bur nå (2004) på bygdeheimen i Bykle.

Ho og Olav fekk ikkje born saman, men Olav adopterte Kjell, son hennes. Kjell Holen er industriarbeidar og busett i Søgne. Han overtok huset etter foreldra i 2004.


0941 Bykle komm.png Dalheim (Bykle gnr 2/78) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Furumo • Neste bolk: Setebo