Gildeskål prestegard

Gildeskål prestegard i Gildeskål kommune vart oppført i si noverande form rundt 1750, men delar av konstruksjonen kan vere eldre. Ein trur at dei eldste delane av hovedbygninga kan vere frå 1620-talet. Hovedbygninga er heile 27x8 meter, og då ho vart sett opp var ho mellom dei lengste prestegardsbygningane nordafjells. Huset er lafta av solid tømmer, til dels gamalt jektetømmer.

Prestegarden med stabbur i 2016
Foto: Kinehele

Prestegarden vert enno brukt som tenestebustad for soknepresten i kommunen.

Det finst to stabbur som er tilknytte prestegarden. Desse er òg frå midten av 1700-talet. Både dei og hovedbygninga er freda.

Galleri

Sjå også

Kjelder


  Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på denne versjonen av artikkelen «Gildeskål prestegard» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.


Artikkelen Gildeskål prestegard er opprettet gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Det vil ofte være mer relevant informasjon i oppgitte kilder enn det som er gjengitt, og det kan finnes stoff i bygdebøker og lignende.