Haugedalsvegen (Sauherad)

Haugedalsvegen på Tveiten/Haugedal mellom Nordagutu og Hjuksebø i Midt-Telemark kommune går austover frå Tveitenvegen til Haugedal-gardane og er 1 065 meter lang. Han er utan fast dekke og går i jordbrukslandskap med noko skog. I enden kryssar vegen under Sørlandsbanen. Dette var tidlegare ei grein av Tveitenvegen.

Haugedalsvegen på Tveiten/Haugedal.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter Haugedal-gardane og blei namnsett i 2018 .

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, 03.12.2018, 068/18.


Koordinater: 59.44654° N 9.32761° Ø