Hauglandvegen (Bø i Telemark)

Hauglandvegen i i Midt-Telemark kommune går nordvestover frå Mannebruvegen til tre av Hauglandgardane og er om lag 575 meter lang.

Hauglandvegen sett nordvestover mot Hauglandberga.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen fekk namn etter Hauglandgardane i 1996. Fire einebustader høyrer også til vegen.

I enden av vegen, på sørsida av Hauglandberga, ligg Nistugu Haugland. Der held Hauglands gartneri til.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.41437° N 9.11683° Ø