Ingebjørg Vindegg (1917–2004)
Ingebjørg Vindegg (fødd 6. oktober 1917 i Hol, død same stad 29. august 2004) var rådgivar og formingslærar. Størstedelen av yrkeslivet budde ho i Nes kommune på Romerike, der ho var tilsett i skulen i 34 år.
Ingebjørg var eldste jenta i ein syskjenflokk på sju. Ho hadde tre eldre og ein yngre bror og to yngre systrer. Foreldra var Anne og Ole O. Vindegg som eigde garden Vindegg i Kvisla i Hol. Til garden høyrde også Osestølen på Ustaoset. Etter kvart som hyttebyen vaks fram, vart turisme ei viktig attåtnæring for familien.
Vindegg gjekk Fana folkehøgskule 1935-36. Etter krigen tok ho eit årsstudium ved Statens kvinnelige industriskole (1946-47). Dei neste åra heldt Vindegg fleire kortare sykurs ulike stader i Akershus i regi av husmorlag, husflidslag, bondekvinnelag osb., før ho hausten 1950 fekk ei stilling som håndarbeidslærarinne ved Greni skole i Nes. I 1955 vart ho tilsett ved framhaldsskolen i Nes. Truleg underviste ho ei tid ved båe skulene.
I 1960 tok Vindegg kurs i tilskjæring, som ga kompetanse til å kunne undervise på niande trinnet i framhaldsskulen. Da Vormsund ungdomsskole kom i drift i 1965, vart ho tilsett der som faglærar i forming. Året etter søkte ho permisjon for å ta eit årskurs ved Statens lærerskole i forming på Notodden. Frå 1969 hadde ho også stillinga som rådgivar ved Vormsund. I 1971 starta ho på vidareutdanning i spesialpedagogikk (C-kurset) i Kongsvinger. Det gjekk over 2,5 år. Frå 1980 var ho samlingsstyrar for formingsfaga. Vindegg gjekk av med pensjon i 1984.
I ein periode budde Vindegg i andre høgda på Greni skole. Seinare leigde ho i mange år andre etasjen i huset til Tora Hoff i Sportsvegen 7 på Årnes. Som pensjonist flytta Vindegg tilbake til Kvisla, der ho budde i eit nybygd hus på Markehaugen saman med systera Maria.
Kjelder og litteratur
- Fra omgangsskoler til nærskoler. Utg. Øystein Smidt. 2020. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Glåmdalen 1950.06.06. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Glåmdalen 1955.05.24. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Glåmdalen 1965.03.13. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Glåmdalen 1969.06.04. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Glåmdalen 1971.01.30. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Glåmdalen 1980.09.05. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ingebjørg Vindegg i Historisk befolkningsregister
- Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol. Utg. I kommisjon hos Grøndahl. 1977. Digital versjon på Nettbiblioteket.