Jørund Midttun

Jørund Midttun (fødd 1887 i Kvinnherad, død 1969 i Skien) var forstmann. Foreldra var lærar Jørgen Midttun (1855–1938) og Marta f. Øvrehus (1847–1920). Han gifta seg i 1915 med Anne Sollid (1891-1982), dotter av lærar Ambros Torgrimsen Sollid (1854-1919) og kona Gunhild Sveinungsdatter Sollid (1854-1933) frå Heddal. Han var bror av Olav Midttun og Gisle Midttun.

Liv og virke

Midttun tok eksamen ved Kongsberg skogskole i 1909 og ved Norges Landbrukshøgskole, skogbrukavdelinga i 1913. Frå 1914 var han forstmann i Telemark, fylkesskogsjef frå 1953, med bustad i Skien. Frå 1932 var han sekretær for "Overoppsynet med skogvernet i Telemark". Han ga ut "kubikkmetertabell for tømmer etter lengde og midtmål, kubikkmetertabellar og borkprosenttabellar for skog på rot m. v." i 1926.

Midttun var i perioden 1914-1923 styremedlem for Agder krets av Norsk Forstmannsforening og i perioden 1928 til 1938 medlem av bystyret i Skien.

I 1958 vart han tildelt Kongens Fortjenstmedalje i gull.

Arkiv

Fotosamlinga etter Jørund Midttun er ivareteken ved Norsk Skogmuseum i Elverum. Arkivet hans elles er ordna i Statsarkivet i Kongsberg. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kilder


  Jørund Midttun er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!