Jakob Krefting (1714–1755)

Jakob Krefting (født 1714, død 4. desember 1755) var prest.

Han kom frå Kristiansand. Frå 1744 til 1752 var han prest i TorskenSenja. Der har han vorte skildra som ein from og stillfarande pietisk som gjekk sterkt inn for å motarbeide drukkenskap og andre laster. På grunn av sitt strenge syn kom han på kant med folket, og møtte mykje motvilje mellom anna i sitt arbeid for skulesaken. Biskopen skreiv i 1750 at Krefting var ein stillferdig og trufast Herrens tjener «som hadde gjort sin embetsgjerning uten svik».[1] Han tilråda likevel at Krefting burde få eit nytt kall på grunn av almuen si haldning.

I 1752 var Krefting sokneprest i Borge prestegjeld. Her var han til sin død i 1755. Etter at han kom til Borge vart han gift med Ingeborg Leth, ei 17 år yngre prestedotter frå Ofoten. Dei fikk ingen barn.

Referanser

  1. sitert fra Borge og Valberg bygdebok s.295

Kilder


Artikkelen Jakob Krefting (1714–1755) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.