Joachim Fredrik Kjelstrup

Joachim Fredrik Kjelstrup (1764-1846) var prest.

Han var fødd i Hammerfest, der faren Claus Christian Kjelstrup (d. 1784) var prest. Mora var Bigitte Elisabeth Røpke. Joachim Fredrik Kjelstrup vart i 1802 gift med Madsi Maria Wind (1775-1834), enkja etter Peter von Cappelen, sokneprest i Lom. Med henne fekk han fem born. I 1837 vart han gift med Maren Johannesdtr. Klommesteen. I dette siste ekteskapet var det ingen born.

Joachim Fredrik Kjelstrup tok teologisk eksamen i 1787. I 1790 fekk han stilling som personleg kapellan på Toten, før han i 1797 vart residerande kapellan i Lom prestegjeld i Gudbrandsdalen. Kjelstrup vart sokneprest i Ørskog i 1802, og i dette embetet vart han verande fram til 1817. Dette året vart han utnemnt til sokneprest i Vik i Sogn. Til sist vart han i 1824 sokneprest i Ås prestegjeld i Akershus, og her døydde han i 1846.

Våren 1814 var Joachim Fredrik Kjelstrup valmann for Ørskog prestegjeld.

Kjelder