Karin Magni Dale Døving

Karin Magni («Pambu») Dale Døving (fødd 7. april 1916 i Norddal, død 27. oktober 2018) var gardkone og husmor, busett i Norddal på Sunnmøre. Ho var også kjend som diktar og rimsmed.

Ho var dotter av gardbrukar Karl Andreassen Dale og husmor Inga Margrete Dale f. Rotevatn. Etter folkehøgskule i Ørsta var ho seterjente på Herdalsetra og tenestejente på Muri i Valldal. Seinere arbeidde ho på Kaffistova i Ålesund.

I 1940 flytta ho til garden Tunga i Norddal, etter å ha vorte gift med Thore P. Døving i Ålesund året før. Ekteparet fekk etter kvart tre born: Harald, Reidunn og Åsta Margrete.

Karin Døving var som ein dyktig rosemålar, og ho arbeidde ein periode som dekoratør ved Brødr. Øyehaug trevarefabrikk i Ørsta. Ho var samfunnsengasjert og var mellom anna mot utbyggjing av Herdalsvassdraget. Ho fekk difor æra av å opne landskapsvernområdet på Geitakyrkja. Døving skreiv dessutan bok om Herdalsetra.

Som hundreåring, i 2016, budde ho på Valldal sjukeheim. Ho vart 102 1/2 år gammal.

Kjelder og litteratur


  På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.