Kjeldearkiv:1907-09-22 Brev frå Kleiven til Prestgard

1907-09-22 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 22.9.1907
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 136
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætre 22/9. 1907

Kjære Kristian!

Denne Gongen tør eg ikje setja meg nugun Drygjings-Mon: eg fekk Breve ditt idag me di sama eg kom inn paa Kjøkene og skulde faa meg Morgo-Kaffe’n og no, ve Høgstdags-Leite, er eg allt paa Vegen kome me aa gjeva Svar – de kan ein seja er ra’før Gut, de! Og slik ska eg freiste aa halde meg ette denne Dag, saavidt du veit de!

Stor Takk for Breve! – de va de hoglegaste Breve eg har tikji imot sia’ sist eg fekk Brev fraa deg. De er da ein stor Hogna for meg aa høyre, at “S. f. V.” har kunna vore te Gle’e og Stødjing for Folk ute i “ein framande Verden” og de dreg meg Von um, at “I gamle Daagaa” skal kunna gjera meir ’taa se paa den Lei’e ette di Innhalde er einn Gong te saa mykjy og der-te fortalt saa egte, som eg trur ein Vagver i vore Daagaa kan gjera de. Saa trur eg no sjøl, da; no skal de bli Moro aa høyre, kaa du si’i: du kan nok kjære deg illt forr, at du er vorte ein Rang-Skuggje ’taa deg sjøl, likevæl tyt de fram fraa fyst te sist, at du er like helsog Vagver i Hog og Skjinn som i gamle Daagaa, som den Gongen oss va uppaa Mugkampe – og at du vil merkje me einn Gong trast du raakaa ei oægte “Vending”. Difor skal de bli Moro aa høyre, um du tykkjy eg har orka aa helde “Naturen” osnikka ’taa “Optugtelsen”. Den […] “Optugtelsen”! – han er ikje grei aa lute ut, de skal bli anna hell Komfyr-Oske te, de; der eg ha Huldersagn og andre Forteljingo, som heng ihop, va de paa ei Gjerd ovandt, men me Livsskjildringo og historiske Fortalna’e va de leit – der veit du de finns ingor Mønster aa helde se te, slikt ha all sin Dag vore maalbore i Stubbe-vis forutta allt som heite Logik. Difor laut eg skaapaa meg ei sjølgjord Mønster og saa kjøm de se an paa, um ho har si Rot i “mine Fædres” Jordbott hell um ho er grodd upp ’taa By-Lorte. Um de lyt du seja meg di innaste Meining naar du fær lese Bokje og ikje leggje Hande imillom – du maa ikje tru eg er slik, eg set Skallin inni Veggen og furta, um eg fær ei Sanning aa høyre som riv i Halse, nei her gjell de nogo ’taa di som vêg mest for oss og “forfengjeleg” er eg, Gudskjelov, ikje i rett stor Mon.

I Somar ei Ti’ trudde eg “I. g. D” skulde kome i Handel’n allt i denne Maana’n for di fyste Korrekturarkje kom fyst i Juni, Slag i Slag; men saa reiv de atti og te idag ha eg lese Korrektur paa 9 Ark. Ette di trur eg ikje Bokje er ventande firi Nyttaar og ette di eg kunde skjøne paa Forretningsførare aat Aschehoug[1], ’taa eit Brev eg fekk fraa ’om nettup, tenkjer Forlage vist paa, aa gjeva ho ut i Subskription. Da kjøm ho sagte i 6–8 Hefte, kan eg tenkje meg; um den Gjerde vil vera be’re hell verre for meg, veit eg ikje um, de er kanskje ytt som bytt, er Von.

Du spør ette kaa eg no har i Emnom – ja enno kann eg ikje gje deg nogo visst Svar paa den Sporna’n. Nogo lyt eg finne paa ivinter kaa de no kan bli. Du minnist, kanhende, nogre Stubbe eg skreiv i “Syn og Segn” for nogre Aar sia’, “Umkring Skorstein”[2] som døm heitte, og som skulde vera Skjildringo ’taa Bondelive i mi Heimegrend ve 1861 og de Leite. Di Aare va nettup i Skjifte millom den gamle Bondekultur’n som han ha vukse se fram te da og den nyare, som heldt paa arbeidde se fram me Seminariste, Landbruksskule, Landhandlare, nye Vegjer, Aviso og mangt anna Slikt. ’Taa desse Skjildringom har eg fælt mange, ferdoge og halvferdoge um ein a’an, og eg har tenkt aa maata døm te saales, at døm attaat aa skjildre Ti’e og Live allt me se, skulde spegle av Live paa ein Bondgard me di ymse Arbei’om som fallt eit Aar umkring: Ve’a-Kjøring, Maarka-Ferd og Trusk, Vaar-Arbei, Ve’a-Laging, Sæterferd, Fisking, Slaatt og Skurd, Sou-Louging, Hampebraaking o. m. m. m. m. m. Imillom allt desse har eg tenkt aa skjøyte inni Bygda-Sellann oss ha nogre ’taa der heim’i Ottdale. Den roue Traa’n i Boken skulde no vera Huslive ve Aarin, for umkring honom va de di Onge, baade Gut og Jente, fekk Uppdragingje si og fekk Nerken for Aandslive sitt. Ein endefram Skule, men takke meg han tie Gongo mot Middelskulin te aa ala upp Bondfolk! – No, ja, de kann hende eg set meg te me desse i Vinter, for de va mange ’taa Maalfolkom vore, som tykte døm va grepa di Stykkjye, som sto i S. og S. og eg er vorte be’e um, aa helde fram me døm. Skulde “I gamle D.” faa ei skjikkele Medferd naar ho kjøm, saa kunde de hende eg fekk ein Forleggjar ou, um eg ha’ liggjande ei ny Bok ferdog, vissa um eg vilde bruke de ortodokse Landsmaale. Men de kann ikje eg bruke, de vanta Ordlag for den breie “Humor” som Dølinn er skapte me og ei stor Bok te paa kavende Vaagaamaal vil Vestlenningann faa “Kolik” ’taa. Og døm er de, som no har “Hegemoniet i Sparta”. Nogo visst um dette kan eg enno ikje seja, de er go Von te, at du skal faa høyre meire um de naar de li lenger fram-te.

Døla-Breve aat “Decrap.” skal eg freiste aa leggje ivegen me att, men skulde eg finne paa setja meg paa Storendin og skrive ei Bok att, veit eg ikje um eg tør lova nogo aat “Symra”. Um E. Storm har eg ei Skjildring i I. g. D. og ut ’taa henna kunde eg nok skrivi ei aat “Symra” paa eit te-maata Austlands-Landsmaal; um Houga-Brørne har eg ou sanka mykjy To men eg er ikje vi’are liva for di Emne og eg vilde koma te aa gje mykjy ’taa Døladiktingen hans Imbert Hougen allt anna hell Lovord, kaar gjild Mann han elles va. Men eg skal tenkje væl paa dette og sende deg ei Melling um ein Maana’s Ti hell saa, eg vilde gjenne skrive inkort naar eg kunde raaka paa nogo, som vøre lite verd. De Stykkjy eg har liggjande og som va etla Tilægsboken, skal eg knefara paa nytt og sjaa te, um de bli saa skapele, at eg kan sende de ve Jul-Leite, de er ikje verre me di; høve de ikje, saa har døkk full Papirkorg, veit eg.

Ja her va Maalkurs isomar, kan du tru og Vaagaamaale vart granska baade lengst ette og tvert ivi – “Segner fraa Vaagaa” vart lese baade høgt og laagt og ein Sondag kom de heile 19 Overlærare og Adjunkte hit upp og skulde sjaa de rare Dyre, som ha skrivi Bokje. De var elles greie Kare og eg fekk go Tru paa Maalkurse og den Verkna’n de vil ha for norsk Maal og Kultur. Og grepa va de, at døm la de her i Bygden, de er no ikje mange Sta’ann de er att saa mykjy egte godt og gomolt, lell, som her i Vaagaa.

Um “Geskjeften” me Somargjeste kan eg fortelja, at de ha vore ein laak Somar for Gullbransdale – Byfolke kom seint og reiste ti’le, de va dette sure og kalde Vêre maa’ta som va eitt Meinbægje heile Ti’e. Denne Valdersbana[3] gjere au eit leit Skard i for oss no, mea’ ho er ny. Ja de har vore ein kald, vaat og sur Somar, dette, og de va onderle at de vart eit saa grepa Foor-Aar som de vart, me Konnavlingen er de ojemnt og misle, vissa i Høgdom. Fraa Somarlive mine har eg ikje nogo aa fortelja, for Korrektur-Lesingen Skuld tordes eg ikje vaage meg ut paa ei Fjellferd og hellikje va Vêre slikt, at de va nogo aa staa ette. No er de her tomt Hus og stillt som du veit de er paa Sætrom, de Bele, Folk tek te aa faaraa “me Smør og Bøling heim”. Han Paal og ein me honom driv og fiska paa Flatningje, men de vippa se berre laakt og de kjøm te stinntast, at Raakaafiske-Bytta bli full te de Bele ho plega aa vera det. Vinn har vore saa rasandes Kule paa Kule heile denne Maana’n, at de er berre Dag um a’an de ha gaatt forr se aa sett Gaan paa Ose. Paa andre Gjerde er de paa de gamle me oss paa tvo Maate: oss livi paa gomol Vis og gamle bli oss attaat, ho Mor fyllte tri Aar paa fjorde Tjuge no den 1ste d. M. men enno er ho frisk og røkjin og stelle me sine som førr.

Kan du ikje sende meg eit Fotografi ’taa deg og heile Husly’n din, no, neste Gong du skriv? Saa skal du faa att ein Skuggje ’taa meg ou att-i Sta’n. Og saa fær du sjaa te aa vangle de te saa du kan faa ei Friti-Ferd heim-i Gamel-Lande att – kan ikje Dek.p. sende deg som Reporter um ikje førr, saa naar Bergensbana vert opna?[4]

Hjarteleg Helsing fraa oss alle!

Din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Georg Møller.
  2. «Umkring skorsteinen» i Syn og Segn 1901–02.
  3. Opna 1906.
  4. Banen vart offisielt opna 27. november 1909.