Knagenhjelm

Knagenhjelm (tidlegare de Knagenhielm) er ei norsk adelsslekt. Lagmann i Bergen Niels Tygesen Knag (1661–1737) blei i 1721 adla med namnet Knagenhielm. Niels Knag var son av sorenskrivar Tyge Nielsen Castberg (d. 1687) og Maren Nielsdatter Knag, dotter av fogd på Sunnmøre Niels Jacobsen Knag.

Kaupanger hovudgard vart kjøpt av Niels Tygesen Knag i 1710, og har vore i slekta sidan.
Foto: Francis Bull

I 1710 kjøpte Niels Knag den adelege setegarden Kaupanger, med Stedje og Losne i Sogn. Kaupanger gods har sidan vore slektas hovudsete. Nest etter stamhuset Rosendal i Hardanger var dette det største jordegodset på Vestlandet.

Kjende medlemmar av slekta

Knagenhjelm i Rødøy

I Rødøy i Nordland lever det ei slekt som delvis har skreve seg for Knagenhjelm og delvis for Hansen. Dei stammar frå Karl Johan Knagenhjelm fra Nordre Bergenhus, som tidleg i 1860-åra hadde eit forhold til Olava Maria Pettersdatter i Rødøy.

Kjelder