Kolmila 3 (Bykle)

Kolmila 3 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppført av Bjørn Erling Bakken i 1991. I 1997 selde han det bror sin.

  • Dreng Bertin Bakken, f 1972
Kolmila 3
Utskilt: 1991
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 509
Type: Bustadseigedom
g 1998 m Elin Myhre, f 1976. Born:
  • Anne Marie, f 1999
  • Ingebjørg, f 2000

Dreng er son åt Magne Bakken og kona Turid Marie, fødd Auestad, sjå Tuftevegen 18, bnr 653. Han er utdana som vaktmeister, men har arbeidd som bakar i mange år. Elin er frå Songe ved Tvedestrand, og dotter åt Liv og Bjarne Myhre. I yrkeslivet arbeider ho som kokk, for tida (våren 2005) ved Bykle hotell.


0941 Bykle komm.png Kolmila 3 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kolmila 2 • Neste bolk: Kolmila 5

Koordinater: 59.56179° N 7.35851° Ø