Malmvegen 22 (Bykle)

Malmvegen 22 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett til lærarbustad for Bykle kommune i 1980. Det er same familien som har budd her heile tida. I 1986 kaupte dei huset sitt hjå kommunen.

Malmvegen 22
Utskilt: 1980
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 343
Type: Bustadseigedom

Per O. Breivegen, f 1948, d 2005

g 1977 m Liv Knutsdtr. Rysstad, f 1953. Born:

Per O. Breivegen var son åt Ola Breivegen og Margit Olavsdotter, fødd Kvaslerud (sjå Der sø, bnr 2). Liv er frå Hylestad og dotter åt Knut Jonsson Rysstad og kona, Ingebjørg Ånundsdotter.

Per var lærar på Fjellgardane skule, og mykje engasjert i lokalpolitikk og organisasjonsliv. Han var også historisk interessert, og ei kraft i den kommunale bygdeboknemnda. Liv har arbeidd som skreddar, vesentleg med daleklede.

Per Breivegen. Bilete frå Setesdølen.
Liv Breivegen, bilete funne i kommunearkivet.
Sønene til Liv og Per Breivegen på fisketur saman med syskenbarnet Yngve.
Foto: Per Breivegen


0941 Bykle komm.png Malmvegen 22 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 21 • Neste bolk: Malmvegen 23

Koordinater: 59.55869° N 7.36216° Ø