Matheus Holte

Matheus Holte (fødd 22. juni 1901 på Mågerø, Tjøme, død 3. januar 1999 i Gvarv, Sauherad)[1] var gardbrukar og ein leiande skikkelse innanfor Det Haugianske Vennesamfunn. Holte vaks opp i ein heim som var prega av pietistisk kristendom. Andakt med song og lesing av preikesamlingar var obligatorisk.

Til Telemark

Holte vart gift med Helga Teksten frå Sauherad då han var i 20-års alderen. Dei busette seg på garden Holte i Nes. Ein nabo til garden var Tollef Olsen Aaraas, som då var leiar for Det Haugianske Vennesamfunn. Matheus Holte rekna Aaraas som sin andelege far. Holte var ein sentral leiar i Det Haugianske Vennesamfunn i over 75 år.

Forkynnar og forfattar

Matheus Holte reiste mykje som forkynnar i omtrent alle delar av Noreg. Mellom anna vart han invitert som forkynnar til Lyngenlæstadianarane sitt hauststemne i Skibotn i 1948, men dette førte ikkje til noko vidare samarbeid, på grunn av teologiske usemjer.

Holte skreiv mange bøker og hefte om teologiske emne. Det første skriftet hans kom ut då han var 25 år: "Nogen Formaningsord". Også i lesarbrevspaltene i avisene var han ein ivrig bidragsytar.

Intervju på radio

I samband med innviinga av Haugeheim skule i Sund i Hordaland i 1960, vart det sendt ein reportasje på NRK Radio. Her vart mellom anna Matheus Holte intervjua.[2]

Kjelder

Referansar