Haugeheim skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Haugeheim skule var ein kristen privatskule på Vorland i dåverande Sund kommune i Hordaland. Skulen hadde undervisning både på barnetrinnet og i realskulen, og var i drift frå 1960 til 1970. Skulehuset vart deretter overteke av Sund kraftlag.

Foto av skulehuset frå 2017

Den tidlegare presten Amund Bentzen frå ei rørsle som gjekk under namnet Hauges venner, var ein av dei fremste pådrivarene for å få skulen reist. Bentzen, Matheus Holte, Magnus Nordstrand frå Klokkarvik og fleire i krinsen kring desse meinte utviklinga i den offentlege skulen gjekk i feil retning, spesielt innanfor kristendomsopplæringa. Dei såg det difor som svært viktig å få etablert ein skule der det ortodoks-pietistiske læregrunnlaget stod i sentrum, blant anna med katekismeforklaringa til Erik Pontoppidan som pensum.

Nordstrand var styrar for skulen, og også ein sentral person innan Hauges venner i Sund. Lokale sympatisørar sende borna sine til Haugeheim, inkludert medlemmer av kyrkjelyden til Det evangelisk-lutherske kirkesamfunnSotra.

Skulen vekte oppsikt over heile landet, med mykje oppslag i media. Ein av dei som gjekk ut til forsvar for den nye etableringa var redaktør Arthur Berg i avisa Dagen.

Kjelder og eksternt stoff