Amund Bentzen (1903–1969)
Amund Nøkleby Bentzen (fødd 17. mai 1903, død 19. mai 1969) var ein teolog og gardbrukar frå Hakadal. Han var sokneprest i Kjerringøy og Haltdalen. Under andre verdskrigen var han lokal leiar innanfor motstandsrørsla.
Familie
Amund Bentzen var son av Fredrik (1849-1919) og Birgitte (f. 1873) Bentzen. Faren var brukseigar.
29. august 1928 vart Amund Bentzen gift med Asbjørg H. Ellingsrud (1903-1997) frå Nord-Odal. Dei fekk ti born saman.
Studium og arbeid som prest
Bentzen var student ved Menighetsfakultetet 1922-1927, der han vart cand.theol med ein av dei beste karakterane. I 1928 vart Amund Bentzen utnemnt som sokneprest i Kjerringøy i Nordland. Frå 1933 til 1946 var han tilsett som sokneprest i Haltdalen i Sør-Trøndelag.
Leiar i Milorg
Under andre verdskrigen var Amund Bentzen leiar for Heimefronten i øvre Gauldal. Han vart arrestert av tyskarane i februar 1945, og utsett for særs harde påkjenningar under fangenskapet. På grunn av dette fekk han seinare problem med helsa. Ved Haltdalen kyrkje er det reist ein minnestein over Bentzen for innsatsen han gjorde i krigsåra.
Politisk engasjement
Frå 1945 til 1949 var Bentzen vararepresentant til Stortinget frå Sør-Trøndelag, for KrF. Han møtte i til saman 24 dagar.
Forkynnar og gardbrukar
I 1946 fekk Bentzen innvilga "avskjed i nåde" frå prestetenesta si i Haltdalen. Etter dette flytta familien til Nord-Odal, og budde i barndomsheimen til Asbjørg Ellingsrud i åra 1946-1951. I denne perioden reiste Amund Bentzen som forkynnar. I 1951 kom dei til Fitjar, der dei forpakta garden Engesund fram til 1959. Amund og Asbjørg flytta så til Trysil, saman med borna Eiolf (f. 1940) og Kari (f. 1946). Her busette dei seg på Slettås, og bygde bureisingsbruket Vårli.
Det Haugianske Vennesamfunn
Etter krigen slutta Amund Bentzen seg til Det Haugianske Vennesamfunn (også kjent som Den Haugianske Bevegelse og "Hauges venner"), og han vart ein av leiarane der.
I 1949 deltok Bentzen i samtalar med generalsekretæren i Det Norske Misjonsselskap, på vegne av Det Haugianske Vennesamfunn. Bakgrunnen var å få svar på korleis NMS stilte seg til ein del synspunkt som indremisjonsleiaren Ole Hallesby hadde kome med, og som haugianarane var sterkt usamde i.
Bentzen var ein sterk pådrivar for at Haugeheim skule vart etablert i Sund utanfor Bergen i 1960.
Det vart også gjort framlegg frå Bentzen og andre om å etablere ein eigen bureisingskoloni i Trysil, men dette fekk ikkje oppslutning frå resten av rørsla.
Forfattar og arbeid med bibelutgåve
I 1950 skreiv Amund Bentzen boka "Evangeliet i kamptider", som vart utgjeve på forlaget til Det Haugianske Vennesamfunn. Her tek han mellom anna eit oppgjer med synspunkta til Ole Hallesby innanfor kristologien.
I 1953 gjekk Det Haugianske Vennesamfunn og Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn saman om å gje ut ei ny bibelutgåve. Bentzen fekk ansvaret for den nytestamentlege delen, som kom ut i 1960. Grunnlaget for denne omsetjinga var den tyske utgåva etter Martin Luther. I 1997 kom ei faksimileutgåve, i regi av Elvebakken læstadianske menighet i Alta.[1]
Kjelder og eksternt stoff
- Trond H. F. Kasbo: Gammelpietistiske minoriteter
- Per M. Moan: Krigsminnemarkering, http://nearadio.no/nyheter/roros-holtalen/krigsminnemarkering/19.10861
- NRK Trøndelag: Viser fram glemt sabotasjeaksjon, https://www.nrk.no/trondelag/viser-fram-glemt-sabotasjeaksjon-1.7847480
- Stortinget: Bentzen, Amund Nøkleby
- Trysilboka, band 7. Elektr. utgåve
- Singsås kirke 100 år. Utg. Menighetsrådet. 1984. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Det Haugianske vennesamfunn: http://www.haugianeren.net/hauge.htm - http://www.haugianeren.net/boklager.htm
- Digitalisert bok av Bentzen
- Bentzen forteller om sine opplevelser fra krigen i boka I Guds verksted : glimt fra livets virkelighet. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bentzen, Aage. I korsets brudd - i korsets velsignelse. Utg. Biblia Forlag. 1949. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Opplysningar frå Gudveig Topland, Grimstad (dotter av A. Bentzen).
- Amund Bentzen i Historisk befolkningsregister.
Referansar
- ↑ Vår Herre og frelsers Jesu Kristi Nye testamente og Salmenes bok. Utg. Elvebakken læstadianske menighet. 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Artikkelen Amund Bentzen (1903–1969) er relevant for delprosjektet Prestefolk i Nordland |