Nedre Ekset (Volda gnr 13/1)
Nedre Ekset er eit gardsbruk på matrikkelgarden Ekset i Volda kommune. Det ser ut til å ha vorte utskild frå det gamle hovudbølet Øvre Ekset på 1600-talet. Garden er særleg kjend gjennom lensmannen og folkeopplysaren Sivert Aarflot (1759–1817), som kjøpte han i 1798. Då hadde garden lenge vore lensmannsgard, og han har òg vore kapteinsgard.
Ekset | |
---|---|
Nedre Ekset med Sivert Aarflot-museet. Foto: Heidi Thöni Sletten (2009).
| |
Alt. namn: | Ekseth, Egseth, Eegseth |
Stad: | Morkabygda |
Sokn: | Volda |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Volda |
Gnr.: | 13 |
Bnr: | 1 |
Sivert Aarflot starta Aarflots prenteverk, det første prenteverket på landsbygda i Noreg, på Ekset i 1809. Minne frå den tida er samla i Sivert Aarflot-museet på Nedre Ekset.
I 1844 brann husa på Nedre Ekset. Eigaren Rasmus Sivertsson Aarflot og sønene var ikkje heime, så det var få folk til å sløkkje. Bok- og kartsamlinga til Sivert Aarflot gjekk tapt i brannen. Tunet vart bygd opp att av sonen Morits Andreas Rasmusson Aarflot, som tok over garden i 1845.
Ein rekkje bruk og eigedomar er utskilde frå Nedre Ekset; sjå liste i artikkelen om matrikkelgarden Ekset.
Eigarar/brukarar
- Henrich Osterich Statz (d. omkr. 1718), lensmann. Kjøpte 2 pund 6 merker i Ekset av Christ. Pedersen og anla nytt tun.
- Born ein kjenner:
- Osterich Statz, gift med Anne Hiermann. Neste eigar.
- Henrich Statz, nemnd 1715.
- Margrete Henriksdotter, nemnd 1718.
- Osterich Statz, arva frå faren 1718.
- Lars Nilsson Rodtvitt (d. 1764), infanterikaptein, kjøpte av førre eigar 1724.
- gift 1) med Johanne Holbek.
- gift 2) med Elisabet Canutte Reutz (d. 1780).
- Born ein kjenner (uvisst kven som var mora):
- Otto Christopher von Rodtvitt (1721–1799). Neste eigar.
- Boel Catharine Rodtvitt, gift med Peder Finde Astrup.
- Otto Christopher von Rodtvitt (1721–1799). Arva frå faren 1764.
- Johan Christian Wilhelm Bernitz (f. 1739), kapteinløytnant. Bygsla frå 1774.
- gift 1774 med Margrete Reutz
- Otto Christopher von Rodtvitt (1721–1799), attende til garden 1786.
- gift med Elsebe Lund Meldal (f. 1736). Born ein kjenner:
- Ingeborg Johanne Rodtvitt (f. 1772), gift med handelsmann Elias Bødtker.
- Laurits Augustinus Rodtvitt (f. 1773), sokneprest til Vanylven.
- Augustinus Meldal Rodtvitt (f. 1775), offiser og hamneinspektør i Danmark.
- Elsebe Canutte Rodtvitt (f. 1776), gift med prest Peter Grüner.
- Sivert Knutsson Aarflot (1759–1817), lensmann mm. Kjøpte på auksjon 1798 for 333 rdl. 8 sk.
- gift Gunhild Rasmusdotter Eikrem (omkr. 1756–1836). Born:
- Rasmus Sivertsson Aarflot (1792–1845), neste brukar.
- Berte Kanutte Aarflot (1795–1859). Gift 1816 med Aasmund Knutsson Aarflot.
- Sisilie Helene Aarflot (f. 1797). Gift 1829 med Anders Ramusson Vassbotn.
- Ottine Elisabeth Aarflot (f. 1800). Gift 1823 med Lars Larsson Eiksundøygard.
- Rasmus Sivertsson Aarflot (1792–1845), lensmann mm. Arva etter faren 1817.
- gift med Synneve Moritsdotter Bjørkedal. Born:
- Sivert Rasmusson Aarflot (1817–1836).
- Gurine Elisabeth Aarflot (f. 1818). Gift 1845 med Lars Henriksson Barstad.
- Morits Andreas Rasmusson Aarflot (1821–1904), neste brukar.
- Rasmus Rasmusson Aarflot (f. 1826), døydde som born.
- Rasmus Rasmusson Aarflot, til Rotset.
- Ane Berte Aarflot (f. 1831), til Rotset.
- Morits Rasmusson Aarflot (1821–1904), ordførar og stortingsrepresentant. Arva etter faren 1845.
- gift 1848 med Nikolina Pedersdotter Schelderup (d. 1908).
- Maurits Rasmusson Aarflot, brorson til førre eigar, overtok 1899.
- gift 1905 med Ingeborg Olsdotter Reite. Born:
- Sivert Mauritsson Aarflot (f. 1906), neste brukar.
- Rasmus Mauritsson Aarflot (f. 1907). Gift med Marie Olsdotter Humberset.
- Olav Mauritsson Aarflot (f. 1909), til Fredheim.
- Anders Mauritsson Aarflot (f. 1910), ingeniør. Gift med Maja Hammerseng.
- Einar Mauritsson Aarflot (f. 1912), til Hellegjerdet.
- Gunhild Mauritsdotter Aarflot (f. 1913), barnepleierske.
- Halvard Mauritsson Aarflot (f. 1915), til Haukåsen.
- Vebjørn Mauritsson Aarflot (f. 1917). Gift med Borgny Ose.
- Magne Mauritsson Aarflot (1920–1947), stud.philol.
- Helge Mauritsson Aarflot (f. 1924), gartnar. Gift med Margit Ulstein.
- Olina Mauritsdotter Aarflot (f. 1927).
- Sivert Mauritsson Aarflot (f. 1906), overtok frå faren 1942.
- gift med Synneve Martinusdotter Berkvik. Born:
- Sjur Sivertsson Aarflot (f. 1939), neste brukar.
- Ingeborg Aarflot (f. 1943), gift med Ivar Høibråten.
- Leiv Aarflot (f. 1948).
- Anne Sofie Aarflot (f. 1954).
- Sjur Sivertsson Aarflot (f. 1939), overtok frå faren 1967.
- gift 1965 med Petra Ragnhild Sandnes.
Litteratur og kjelder
- Eegsæt i folketelling 1801 for Volda prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Eegset i folketelling 1865 for Volda prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Eksæt i folketelling 1900 for Volda herred fra Digitalarkivet.
- Ekset i folketelling 1910 for Volda herred fra Digitalarkivet.
- Aarviknes, Per. Volda-soga : gardar og slekter. 1. Utg. Volda bygdeboknemnd. Volda. 1970. Digital versjon på Nettbiblioteket..
Nedre Ekset (Volda gnr 13/1) er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |