Nistog Tykkholt (Bykle gnr 17/18)

Nistog Tykkholt er eit av dei to Tykkholt-bruka i Bykle kommune. Åsmund Eivindsson sette i gang for seg sjølv på dette bruket frå 1937. Fyrst fornya han uthuset , og i 1943 hadde han ferdig ny stogebygning.

  • Åsmund Eivindsson Trydal, f 1912, d 1988, ug
Nistog Tykkholt
Trydal 61.jpg
Nistog Tykkholt i framgrunnen. Til høgre huset til Birger N. Trydal, og oppi bakken attanfor ser ein Støylo gjennom snødrivet. Bygningane nærast attom Nistog-stoga er nokre utleigehytter som Åsmund E. Trydal sette opp i 1970-åra.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1910
Utskilt: 1919
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 18
Type: Småbruk

Åsmund gifte seg ikkje. Han arbeidde i vegvesenet, og om han noko tid hadde kretur i fjoset sitt, var det ikkje mange åra. I 1953 var det iallfall ingen.

Torhild Sigrunn Hallvardsdotter med rådyrkalv i Tykkholt i 1969.
Foto: Hallvard M. Trydal

Då brorsonen, Hallvard M. Trydal, gifte seg i 1966, flutte han og kona hans inn hjå Åsmund, og budde her i nokre år. I 1970 bygde dei nytt hus på ei tomt som gjekk ut frå Uppistog. Denne vart matrikulert i 1972 under namnet Furulund, bnr 42. Me kjem attende til Furulund ei eigen artikkel.

Etter at Åsmund døydde i 1988 ervde dotter av Hallvard eigedomen hans. Ho heiter Torhild Sigrunn Askje, og er busett ved Holtebru i Skafså.

Torhild leigde nokre år ut huset til ein pensjonert skipskaptein frå Bergen, og kona hans, som var frå Trydal.

  • Leif Lærøen, f 1927, d 1995
g m Jorunn O. Skarberg, f 1936, d 1998, ikkje born

Jorunn var frå Kroné og dotter åt Olav K. Skarberg og kona, Birgit Ø., fødd Løyland.

Leif Lærøen markerte seg i bygda, m.a. med energisk ettersøkjing av gamle segnskattar og liknande morosame prosjekt, og fekk atskilleg mediaomtale.

Etter at Leif og Jorunn var borte har det ikkje budd nokon her.


0941 Bykle komm.png Nistog Tykkholt (Bykle gnr 17/18) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Støylo • Neste bolk: Optestøyl (Utigard)