Støylo (Bykle gnr 17/17)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Støylo
Trydal 57.jpg
Støylo 1.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1850
Utskilt: 1919
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 17
Type: Småbruk

Støylo i Bykle kommune har tunet sitt oppi bakkane vestom Strandestøyl og nordom Storstein. Eigedomen vart formelt utskilt frå Systog Trydal så seint som i 1919, då Tarjei Olsson Trydal skreiv skøyte til den yngre broren Ånund, men bruket var etablert som plass ei god tid fyre dette.

Dei fyrste me veit om budde her er oppskrivne i 1865-folketeljinga som fylgjer:

Thoræ Olsdatter Pige med Plads ug 52
Berget Olsdatter do ug 47

Aldersoppgåvene i folketeljinga tykkjest så rette som ein kan vente, ettersom Tore var fødd 1814 og Birgit i 1820. Ugifte jenter med sin eigen husmannsplass var ikkje særleg vanlege, korkje i Bykle eller andre stader, men når ein finn døme på det, kan ein vera tolleg sikker på at det dreiar seg om gardmannsdøtrer som, heller enn å verta gåande som tenestejenter for bror sin, har fått seg plass som erveoppgjer. Såleis også her: Tore og Birgit var døtrene av Olav Tarjeisson i Systog og kona, Eli Åsmundsdtr.. Då foreldra utpå 1840-talet overlet bruket sitt til eldstesonen og sjølve tok foddog, fekk dei to ugifte døtrene bygsle Støylo på livetida.

Jamvel om desse er dei fyrste me veit budde her, kan her kanskje ha vore andre plassfolk eit bil fyre dei. Dette spørsmålet lyt likevel stå ope.

I 1865 hadde Tore og Birgit 3 kyr og kalvar, 3 sauer og 4 geiter. Dei sådde berre eit kvartel bygg, men 3 tunner jordeple. Ti år seinare ser ein at dei må ha fått brote noko meir åker, ettersom kornsånaden då er auka til ei tunne. Elles tykkjest drifta å ha lege på same nivået i 1875 og 1865.

Båe dei to møykjeringane sat i Støylo til dei døydde, Birgit i 1884 og Tore i 1889.

Ovanfor var me inne på at bruket vart frådela og matrikulert for Ånund O. Trydal så seint som i 1919. Men han var ferdig med å tømre seg ny stogebygning her i 1908, og me vil då tru at det var ved dette leitet han sette i gang med bureising. Då står me att med ein tidbolk på omlag 20 år, mellom 1889 og 1908, der me ikkje kan finne at her budde nokon. Ettersom Ånund fann det turvande å setje opp ny stoge fyre han gifte seg i 1910, tyder det vel på at stoga frå Tore og Birgit si tid hadde stått til nedfalls. Difor, og avdi her ikkje budde nokon då folketeljingane i 1891 og 1900 vart opptekne, vil me tru at her faktisk var folketomt i perioden mellom Tore og Ånund.

Ånund O. Trydal (1885-1965), her hjå fotograf Hangaard i Kristiansand ein gong mellom 1905 og 1910. Foto frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
Gunnhild Mikkelsdotter Holen fyre ho gifte seg med Ånund Støylo i 1910. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Ingebjørg Knutsdotter Haugen. Biletet er teke fyre hos gifta seg i 1914, og kjem frå Ingebjørg Vegestog.
  • Ånund Olavsson Trydal, f 1885, d 1965
g 1. 1910 m Gunhild Mikkelsdtr. Holen, f 1891, d 1910, ikkje born.
g 2. 1914, Ingebjørg Knutsdtr. Haugen, f 1893, d 1929. Born:
  • Gunvor, f 1915, g 1937 m Hallvard Sveinsson Røysland, sjå Valle VI, 542f
  • Olav, f 1917, d 1967, ug
  • Knut, f 1920, g 1953 m Gyro Kjetilsdtr. Homme

Mikkel Olavsson Holen, fødd Nesland, og kona, Ingebjørg Torleivsdotter, fødd Holen, var foreldra av Gunhild, fyrste kona åt Ånund Olavsson. Ho døydde ein månad etter brudlaupet. Ingbjørg Knutsdotter var dotter åt Knut Torleivsen Haugen og Birgit Ånundsdotter, fødd Holen.

Neste oppsitjar i Støylo vart Knut Ånundsson, som formelt overtok i 1954. Han arbeidde i vegvesenet, og dreiv dertil noko jordbruk i Støylo med kyr og sauer. Gardsdrifta varde til midten av 1970-åra.

  • Knut Ånundson Trydal f 1920, d 1993
g 1953 m Gyro Kjetilsdtr. Homme, f 1925, d 1991. Born:
  • Ånund, f 1954, vaktmeister, g 1980 m Astrid Kringlen, sjå gnr 15, bnr 65, Sarvli
  • Kjetil, f 1957, anleggsarb., busett Valle, g 1985 m Liv Olsdtr. Åkre, f 1964, born:
  • Kim Arild, f 1986
  • Tom Inge, f 1988

Foreldra til Gyro var Kjetil Olsson Hommo, og kona, Sigrid Torjusdtr. f Homme, som budde i Uppigard Hommehaugen, bnr 1 (sjå Valle V, 385).

Knut og Gyro budde i Støylo frå dei gifte seg, og til 1980. Då flutte dei til Nystad i Flateland. Kjetil Knutsson overtok huset i Nystad hjå foreldra i 1985, bygde det om og på, og bur sidan der (jfr Valle VI, 263 f).

Ånund Knutsson fekk skøyte på Støylo gjå faren i 1975. Han bur i Kyrkjebygdi.

Det dyrka arealet vert rekna til kring 20 mål, medan totalarealet i 1995 vart oppmælt til kring 1300 mål.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Støylo (Bykle gnr 17/17) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Uppistog Tykkholt • Neste bolk: Nistog Tykkholt