Nordre Gudbrandsdalens fogderi

Nordre Gudbrandsdalen fogderi (Nord-Gudbrandsdal futedøme) vart oppretta ved kgl.res. 3. mars 1860. Det bestod av bygdene Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå, Heidal, Sel, Nord-Fron og Sør-Fron, men sistnemnde herad vart snart lagt til Søndre Gudbrandsdalens fogderi. Futen skulle ha tilhald på embetsgarden Sigstad i Nord-Fron.

Futedømmet vart nedlagt frå 20. oktober 1909, saman med dei andre futeembeta i Kristians amt (Oppland), i medhald av kgl.res. 25. juni og 28. september 1909.


Kjelder

  • Innleiing i katalogen for fogderiene i Gudbrandsdalen ved Inger-Karin Martinsen 1996, Statsarkivet i Hamar.