Ohmsbu (Bykle gnr 15/51)
Ohmsbu i Nedre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1976. Bykle kommune selde tomta til I/S Øvre Otra, som sette opp ein tenestebustad her same året.
Ohmsbu | |
---|---|
Ohmsbu 30.6.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1976 |
Utskilt: | 1976 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 15 |
Bnr: | 51 |
Type: | Bustadeigedom |
Dei fyrste som budde her var familien Lindås:
- Einar Lindås, f 1940, d 1987
- g m Brita, f 1943. Born:
- Julia, f 1969
- Erik f 1971
- Britt, f 1975
Einar var fødd i Lindås i Nordhordland, men oppvaksen i Fana. Han var ingeniør i I/S Øvre Otra i perioden 1976-82, og familien budde i huset her i denne tida. I 1982 flutte dei til Søgne, og Einar døydde der 5 år seinare.
Dei neste som flutte inn her var Reidar Trydal og familien hans. Dei leigde huset hjå kraftselskapet til 1989, då dei kaupte det.
- Reidar Jonsson Trydal, f 1955
- g 1983 m Ingebjørg Knutsdtr. Hoslemo, f 1958. Born:
- Torbjørg, f 1983
Reidar kjem frå Moen Trydal, gnr 17, bnr 8, og er son åt Jon Torsson Trydal og kona, Torbjørg Torjusdotter, fødd Stavenes. Han er ingeniør og arbeider i Agder Energi. Ingebjørg kjem frå Haugen Hoslemo, gnr 4, bnr 5, og er dotter åt Knut Sigbjørnsson Hoslemo og kona, Margit Steinsdotter, fødd Rygnestad. Ho er kontormedarbeidar i Bykle kommune.
Ohmsbu (Bykle gnr 15/51) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |