Oppdal kommune
Oppdal kommune er ein kommune lengst sørvest i Trøndelag fylke. Namnet er det gamle namnet på bygdeområdet Oppdal, som er særprega av at det er eit høgtliggjande dalområde ovom Rennebu og Sunndalen. Oppdal kommune grensar mot nordmørskommunane Sunndal og Surnadal i Møre og Romsdal fylke; nordmørskommunen Rindal og orkdalskommunen Rennebu i Trøndelag fylke; nordøsterdalskommunane Tynset og Folldal og gudbrandsdalskommunane Dovre og Lesja i Innlandet fylke.
Oppdal kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 5021 |
Fylke | Trøndelag |
Kommunesenter | Oppdal |
Areal | 2206.35 km² |
Areal land | 2206.35 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | 7 256 (2023) |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Språk
Kultur
Oppdalskifer
Oppdalskifer er en type kvartsittskifer som utvinnes i Drivdalen og sidedalen Åmotsdalen i Oppdal kommune. Utvirkingen av denne i stor skala kom som følge av at denne ble brukt som bygningsmateriale i Oppdal turisthotell, ferdigstilt i 1924 for Norsk Spisevognselskap i tilknytning til Oppdal stasjon, arkitekt Gudmund Hoel (1877–1956).
Bruken av oppdalskifer som bygningsmateriale førte til etableringen av firmaet Minera Skifer fra 1923 som i dag er Oppdals største industribedrift med over 100 ansatte.
I dag leveres skiferen som skifermurstein, peiser, støttemurer, trappetrinn, gulvflis, bruddheller, tråkkheller, bekledningsheller og lignende. Spaltbarheten skyldes tynne lag av parallellstilt glimmer (sericitt) som ligger mellom de mer kvartsrike lagene.
Administrasjonshistorie
Kommunereformen 2014–2018
Under prosessen om kommunereform i 2010-åra har det dels vore diskutert å slå seg saman med Sunndal kommune, dels med Rennebu kommune og dels med Rennebu kommune og Kvikne i Tynset kommune. I mai 2016 skreiv Oppdal og Rennebu kommunar under ein intensjonsavtale om samanslåing. Ved folkeavstemninga i Rennebu den 12. september same året[1] stemte 68,3 % av rennbyggane nei til samanslåing med Oppdal,[2] og samanslåinga er dermed lagt på is.
Kjente oppdalingar
Andre verdenskrig
- Kjell Sørli
- Odd Sørli (1912–1976)
- Øivind Sørli
Politikarar
- Ingebrigt Haldorsen Sæter (1800–1875), politikar
- Tove Kari Viken (1942–2016), politikar
- Ola Røtvei (f. 1953), politikar
- Ingrid Skjøtskift (f. 1964), politisk rådgjevar
Forfattarar og akademikarar
- Ola J. Rise (1877–1954), kulturarbeidar/forfattar
- Inge Krokann (1893–1962), forfattar
- Ola Setrom (1895–1946), forfattar
- Ola Svein Stugu (f. 1947), professor
Musikarar og kunstnarar
- Mikael Hoel (1894–1984), bildekunstnar
- Bjarne Rise (1904–1984), bildekunstnar
- Sivert Donali (1931–2010), bildehoggar
- Ole Olsen Moene (1839–1908), treskjerar
- Harald Mæle (f. 1944), skodespelar
- Ragnar Aalbu (f. 1966), illustratør/forfattar
- Ingebrigt Flaten (f. 1971), jazzmusikar
- Øyvind Storli Hoel (f. 1984), musikar
Idrettsfolk
- Sverre Stensheim (f. 1933), skiløpar
- Erik Håker (f. 1952), alpinist
- Odd Sørli (f. 1954), alpinist
- Kjell Arve Husby (f. 1954), idrettstrenar
Forretningsfolk
- Ola Mæle (f. 1957), investor
Referansar
- ↑ «Folkeavstemming om kommunesammenslåing» på nettsidene til Rennebu kommune
- ↑ «Et klart NEI» på nettsidene til Rennebu kommune