Opprop for Blix-salmane i Sogn 1899
Sommaren 1899 gjekk det ut eit opprop i avisene i Sogn om å ta i bruk Nokre Salmar av Elias Blix. Initaitivet kom frå A. B. Vamraak, Hermund Refsdal og Vilhelm Flugeim, og det samla 67 underskrifter frå dei fleste bygdene i Sogn. Oppropet kom på den tida då dei fyrste kyrkjelydane i Sogn vurderte å ta i bruk Blix-salmane. Det byrja på same tida òg å kome opp spørsmål om å ta i bruk landsmål i skulen. Lista med underskrivarar gjev eit godt bilete av kven som på dette tidspunktet stod i spissen for målreisinga i bygdene i Sogn.
Tittelen på oppropet var «Til kyrkjefolki i Sogn». Det sentrale avsnittet lyder slik:
- «Me meiner då, at tidi no må vera komi til å senda bøn rundt til våre venar, kjenningar og medarbeidarar i Sogn um å tenkja yver saki med alvor, gjera seg sjølv kjend med salmarne og hjelpa til, at andre må verta det, gjera det ved å få dei sungne eller lesne i heimen, i samlingarne, og elles so langt råd er, so vidt som godviljen for dei vil rekkja.»
Oppropet var datert Kyrkjebø 23. juli 1899 og signert A. B. Vamraak, Hermund Refsdal og Vilhelm Flugeim.
Vidare heiter det at «Etter tilspurnad skriv ogso me gjerne under på dette brev:»
Namn i opprop | Tittel i opprop | Stad i opprop |
---|---|---|
A. Hanetveit | ordførar | Gulen |
O. J. Midtun | gardbrukar | Gulen |
A. Korsvold | byggmeister | Gulen |
Lars Opdal | gardbrukar | Gulen |
Ola B. Harbakke | medhjelpar | Sulen |
G. J. Grinde | gardbrukar | Sulen |
Mons Aarøy | skulestyreformann | Sulen |
S. H. Systad | lærar | Sulen |
J. H. Søreide | klokkar | Sulen |
Peder J. Gåsvær | gardbrukar | Sulen |
J. K. Lågø | ordførar | Sulen |
Bernt Risnes | lærar | Hyllestad |
Jonas Sørefjord | lærar | Hyllestad |
J. Ottesen | ordførar | Hyllestad |
O. B. Løland | lærar | Hyllestad |
Sjur P. Dale | gardbrukar | Lavik |
Gullik Jensen | gardbrukar | Lavik |
Nils Wergeland | skulestyreformann | Lavik |
B. Sørestrand | gardbrukar | Lavik |
Johs. Wergeland | ordførar | Lavik |
M. Oppedal | klokkar | Lavik |
Lasse Rasberg | gardbrukar | Lavik |
Jo Refsdal | lærar | Vik |
Olav Tryti | medhjelpar | Vik |
A. Refsdal | stortingsmann | Vik |
Svein Aase | ordførar | Vik |
Johs. Mundal | gardbrukar | Balestrand |
E. J. Mundal | klokkar | Balestrand |
A. P. Øvrebø | klokkar | Balestrand |
S. Bjåstad | ordførar | Balestrand |
Olav Sande | lærar | Leikanger |
A. Skeide | skulestyreformann | Leikanger |
Jakob Bøthun | ordførar | Leikanger |
H. Fleshe | klokkar | Leikanger |
Nils Tjønn | klokkar | Feios |
Bottolv Hove | bibelbud | Feios |
Johs. O. Bondevik | forlikskommisær | Sogndal |
J. Flotland | lærar | Sogndal |
Ivar Gurvin | gardbrukar | Sogndal |
Olav Hauge | folkehøgskulestyrar | Sogndal |
Jørgen Holen | gardbrukar | Sogndal |
Anders Slinde | gardbrukar | Sogndal |
Jens Kvåle | folkehøgskulelærar | Sogndal |
N. Nielssøn | bakar | Sogndal |
Anders Hauge | gardbrukar | Lærdal |
O. Dahle | klokkar | Lærdal |
H. Husum | klokkar | Lærdal |
Fru E. Michelsen | Lærdal | |
H. M. Michelsen | postmeister | Lærdal |
Th. Kilen | lærar | Årdal |
Olav Bjørkum | ordførar | Årdal |
Kr. Alme | gardbrukar | Hafslo |
Trond Feet | gardbrukar | Hafslo |
O. I Hillestad | skulestyreformann | Hafslo |
Ingebr. P. Joranger | gardbrukar | Hafslo |
Jens Mundal | klokkar | Hafslo |
O. Heggelund | Lyster | |
Johannes L. Lavold | medhjelpar | Lyster |
Nils K. Stokkenes | gardbrukar | Lyster |
S. Listau | Lyster | |
Hans Vigdal | lærar | Lyster |
N. H. Bruheim | gardbrukar | Jostedal |
Anders Hjellum | klokkar | Jostedal |
K. A. Ormbergstøl | ordførar | Jostedal |
Namn, tittel og stad er attgjeve som i oppropet, men namna er her sorterte etter prestegjeld, frå ytst til inst i Sogn.
På nyåret 1900 skreiv prestane i Sogn under på eit tilsvarande opprop for Blix-salmane.
Kjelde
- Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 388-391 (Digital utgåve, NBdigital)
Opprop for Blix-salmane i Sogn 1899 er del av prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013 som er komme i stand i samband med Språkåret 2013. Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien. |